Kokk - fast stilling ved Giske omsorgssenter

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Kokk - fast stilling ved Giske omsorgssenter
Frist
30.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig fast 100 % stilling som kokk ved Giske omsorgssenter, Valderøy omsorgsdistrikt frå 01.11.2024.

Kjøkkenet er moderne og produserer mat etter "kok-kjøl og sous-vide" prinsippet. Det blir produsert mat til Giske omsorgssenter, Vigra omsorgssenter, Godøy bukollektiv i tillegg til middag til heimebuande og møtemat.

Kjøkkenet har 3,5 faste årsverk, kokkelærling og i tillegg eit samarbeid med Nav når det gjeld personar som treng arbeidspraksis/arbeidstrening.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Kokkeoppgåver i institusjonskjøkken, i eit miljø som ønskjer nytenking og kreativitet velkommen.
  • Vi har fokus på å finne den beste måten å produsere mat på, så utvikling og nyskaping står alltid på vår agenda.
  • Utvikling av tenesta kjøkkenet leverer.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk, gjerne institusjonskokk.
  • Erfaring innan "kok-kjøl og sous-vide" blir vektlagt.
  • Kunnskap om IK-mat og hygiene forskrifter.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • I tillegg til utdanning og praksis blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Kreativ, fleksibel og løysingsorientert
  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Ryddig og strukturert
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø som er opptatt av kvalitet, nytenking og kreativitet.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår og pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Irene Rogne, avdelingsleiar kjøkken, 41702317

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4844690136

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Annet
FINN-kode
365446322
Sist endret
13. aug. 2024 05:40