Inaktiv

100% stilling som barnehagelærar ved Utne barnehage

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utne barnehage
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stilling som barnehagelærar 100% fast stilling i Utne barnehage, knytt til arbeid med enkeltbarn


Utne barnehage har ledig 100% stilling som barnehagelærar frå så fort som råd.

Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil andre verte vurderte. Oppmodar difor andre til å søkja. Arbeidet er knytt til enkeltbarn. Ved interne søkjarar vil det kunne bli ledig stilling som er knytt til vanleg drift.

Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage på Utne med 36 plassar. Me har fokus på vaksenrolla i leiken, berekraftig utvikling, samarbeid med nærmiljøet og eit godt barnehagemiljø.

Barnehagen har eit særs godt arbeidsmiljø, og legg stor vekt på gode relasjonar i alle ledd, og me ønskjer deg som kan bidra til dette.

Ring gjerne verksemdsleiar Lene Vie Nordeide på telefon 92042630, eller send ein mail til lene.vie.nordeide@ullensvang.kommune.no for meir informasjon. Me ser fram til å høyre frå deg!



Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar

  • Anna utdanning kan verte vurdert, helst treåring høgskuleutdanning, men og fagarbeidar.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

  • God relasjonsbyggar

Personlege eigenskapar:

  • Barnesyn etter barnehagen sitt verdigrunnlag

  • Evne til å ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Vera aktiv bidragsyter i barnehagen sitt pedagogiske arbeid

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale (avhengig av stilling)

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode rekrutteringsavtalar for utdanna barnehagelærerar

  • Rekrutteringstilskot:
    Etter 1 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 1 år i stillinga)
    Etter 2 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 2 år mnd i stillinga)


Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.



Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
365472384
Sist endret
13. aug. 2024 06:04