Inaktiv

Fagarbeidar eller assistent i BPA - 39,4 % fast stilling

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Miljøtenesta
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fagarbeidar eller assistent i BPA - 39,4 % fast stilling

Vi har ledig stilling som fagarbeidar eller assistent i BPA, i 39,4 % fast stilling.

Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag.

Vi søkjer deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad. Har du utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag, kan du vere den vi søkjer etter. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig i denne stillinga

Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Lurar du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.

Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
  • Bistand i daglege gjeremål for brukar

Kvalifikasjonar
  • Utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag
  • Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert
  • Det er krav om førarkort kl B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Beherske norsk munnleg og skrifteleg
  • Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på å kommunisere og bygge relasjonar
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • Fleksibel
  • Tydeleg
Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
365473903
Sist endret
13. aug. 2024 09:57