Inaktiv

Reinhaldar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Reinhald
Frist
26.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Reinhaldar vikariat 50% frå 20.08.24 til 30.06.25, f.t. på Imsland oppvekstsenter (skule og barnehage).

Stillinga kan bli fast etter 30.06.25.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Kjenne til og følgje gjeldande reinhaldsplanar
  • Utføre dagleg og periodisk reinhald
  • Utføre vedlikehald av overflatar, t.d. golvpleie

Kvalifikasjonar:

  • Beherske norsk skriftleg og muntleg
  • Opplæring vert gitt, men kunnskap og erfaring med reinhald er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Pliktoppfyllande og ansvarsfull
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Helse og kapasitet iht arbeidets art
  • Fleksibel

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
365477135
Sist endret
12. aug. 2024 01:33