Sjukepleiar - 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Bø sjukeheim Jønneberg Vihus
Stillingstittel
Sjukepleiar - fast
Frist
26.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus, søkjer sjukepleiar i 100 prosent stilling. Stillinga er i turnus med vakter på dag og kveld, og med arbeid kvar fjerde helg med langvakter på 12 timar. Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen som ligg sentralt til i Bø sentrum. Me driftar fire avdelingar der tre av dei er langtidsavdelingar og ei er korttidsavdeling. Kvar avdeling har sju pasientar.
Som sjukepleiar hos oss får du jobbe med sjukepleiaroppgåver. Me har fokus på oppgåvefordeling, og som sjukepleiar her jobber du mye på topp. Det vil seie at du ikkje er knytta til ei avdeling, men hjelper til der det trengs. På den måten får sjukepleiarane tid til å utføre dei oppgåvene som må gjerast av sjukepleiar. På dager der me har god sjukepleiardekning, må sjukepleiarane også være på avdeling sammen med helsefagarbeidar. Me har eigen institusjonslege og avdelingane våre har legevisitt to gonger i veka.
På Jønneberg/Vihus er det to avdelingsleiarar, der den eine har ansvaret for ansatte på langtidsavdeling og den andre har ansvar for korttidsavdeling, natt og sjukepleiarane. Me har òg eigen fagleiar som jobbar med fagutvikling og drift, samt koordinering av korttidsavdelinga.
Gjennom mentorskulen har nokre tilsette fått utdanning som mentor. Som nytilsett hos oss vil du få din eigen mentor som i tillegg til avdelingsleiar skal følgje deg tett opp.
Hos oss møter du kollegaer som er imøtekommande, som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø og som også treffast i sosiale lag utenfor arbeidstida.

Me håpar du vil bli ein del av den flotte gjengen på Jønneberg og Vihus. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.



Arbeidsoppgåver

  • Medisinadministrering
  • Sjukepleiarprosedyrer
  • Legevisitt
  • Journalføring og dokumentasjon
  • Heilhetleg stell og pleie av pasientar med komplekse problemstillingar
  • Bakvakt for skjerma avdeling i 1.et. må påreknast
  • Oppfølgjing av studentar og nytilsette

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå eldreomsorg
  • Kjennskap til Profil EPJ
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Være opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
  • Sjølvstendig og ansvarfull
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Strukturert, løsningsorientert og positiv
  • Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Helsefremmande turnus med få overgangsvakter
  • Fagdag i grunnturnus (avsatt tid til fagleg utvikling)
  • Moglegheit for kurs og videreutdanning
  • Internundervisning
  • Jevnlige møtepunkt; personalmøter og sjukepleiarmøter
  • Institusjonslege i 100% stilling
  • Gratis parkering
  • Kantine
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Mentorordning

Kopi av vitnemål og attestar lastast opp som vedlegg i Webcruiter.

Kontaktinformasjon

Tone Heimdal Veting, Konst. avd. leiar, +47 92255565

Arbeidsstad

Gamleveg 43

3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4835951990

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 26.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
365560562
Sist endret
13. aug. 2024 05:28