Miljørettleiar

Arbeidsgiver
Voss herad Integreringstenesta
Stillingstittel
Miljørettleiar 100 % fast stilling
Frist
27.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Integreringstenesta har ledig 1 Fast stilling 100 % som miljørettleiar

Om arbeidsstaden

Voss herad buset flyktningar etter avtale med IMDi. Ein stor del av desse kjem frå Ukraina, men me buset og flyktningar frå andre konfliktområde. Me har ledig ei fast stilling som primært skal arbeide med oppfølging av flyktningar. For stillinga er det ønskjeleg med oppstart snarast mogleg.

Om avdelinga

Stillinga er i Integreringstenesta, som held til i Knutepunktet. Vi har for tida ein auke i talet på tilsette, som gjer at tenesta nyttar kontorplassar i Tinghuset. I Integreringstenesta blir du del av eit fagleg sterkt miljø, med integreringsrådgjevarar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Tenesta har ansvar for planlegging og gjennomføring av busetjing i tråd med heradet sine vedtak, samt oppfølging av busette flyktningar dei første åra dei bur på Voss.

Tidsrom:

  • Frå snarast

Arbeidsoppgåver:

  • Gje oppfølging til busette flyktningar
  • Rådgjeving og praktisk bistand, og må rekne med å delta i andre oppgåver ved tenesta når det er trong for det
  • Arbeid utover ordinær arbeidstid kan førekomme

Kvalifikasjonar:

  • Du har utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog el.
  • Annan fagbakgrunn vil også bli vurdert

Me ynskjer:

  • Deg som er sjølvstendig, men likar å jobbe i team
  • Du er fleksibel og god til å knyte relasjonar
  • Du er trygg på deg sjølv og ikkje redd for å vere tydeleg i din kommunikasjon med andre
  • Du har førarkort for personbil
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar
  • Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Tenlege lokalar i Knutepunktet, sentralt på Voss
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
TvildemoenMagasinvegen 35, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Konsulent, Sosionom
FINN-kode
365591271
Sist endret
13. aug. 2024 12:52