Rådgjevar NAV

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene
Stillingstittel
Rådgjevar NAV
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast kommunal stilling ved NAV-kontoret frå snarast

Kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad har gjort vedtak om å etablere felles kontor "Nav Sunnfjord og Ytre Sogn" med Sunnfjord kommune som vertskommune frå 2025.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg oppfølging av NAV sine brukarar
  • Hovudfokus i all dialog er arbeid, meistring og inkludering
  • Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, blant anna lov om sosiale tenester, foskrift om arbeidsretta tiltak og lov om folketrygd
  • Vi tek atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområdet. Du må rekne med å måtte utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kommunen skal imøtekome brukarane sine behov.

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • Utdanning på bachelor- nivå gjerne innanfor samfunnsfag, sosialfag eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.(minimum B2)
  • Gode digitale ferdigheiter

Det er ønskjeleg at du har erfaring frå:

  • tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid med verksemder og/eller utdanningsinstitusjonar
  • oppfølgingsarbeid med sosialt utsatte flyktningar, ungdom eller familiar.
  • sakshandsaming og bruk av lovtolkning
  • kjennskap til inkluderingsarbeid og inkluderingskompetanse i NAV

Personlege eigenskapar

  • har gode samarbeidsevner, er positiv, tydeleg og løysningsorientert
  • er struktuert og oppteken av god kvalitet i oppfølging og saksbehandling
  • tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret

Du vert medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
365605228
Sist endret
14. aug. 2024 05:28