Rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Nav Aurland og Lærdal har ledig 100% vikarstilling som rettleiar frå 01.09.24 - 31.08.25. Stillinga inneber i hovudsak sosialfagleg arbeid med sakshandsaming og oppfølging av arbeidssøkjarar.

NAV Aurland og Lærdal har 10 stillingar medrekna flyktningtenesta. Me legg stor vekt på å lære i lag. Hjå oss tek du også ansvar for eiga utvikling. Me ynskjer å tilsetje deg som finn gode løysingar i samhandling med personbrukarar og bedrifter.

Lærdal er vertskommune for NAV Aurland og Lærdal, og er ein del av NAV region Sogn. Vertskommuneavtalen er under evaluering i september. Innhald og fordeling av type arbeidsoppgåver kan difor verte endra. Arbeidsstad er Lærdal og Aurland etter nærare avtale.


Arbeids- og ansvarsområde
  • Oppfølging av brukarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er å komme i arbeid og aktivitet.
  • Oppfølging og sakshandsaming etter Sosialtenestelova
  • Samarbeide med verksemder og flyktningtenesta
  • Nytte rettleiings-metodar i arbeidet
  • Samarbeide med andre organisasjonar for å nå gode brukarmål
  • Andre oppgåver, og endringar i oppgåver kan påreknast

Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar
  • minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan sosial- eller samfunnsfagleg retning. Utdanning innan rettleiingsfag kan også eigne seg.
  • erfaring frå navkontor blir vektlagt
  • gode ferdigheiter med kommunikasjon, skriftleg, og munnleg. Du er rask og trygg i bruk av ulike elektroniske verktøy

Personlege eigenskapar

Personleg eigenheit for stillinga blir sterkt vektlagt.

Me vil at du:

  • har erfaring og forståing for menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • har evne til å motivere, og til å møte brukarar med respekt
  • har forståing for samfunnsoppdraget til NAV og arbeidslinja
  • er positiv, initiativrik, og har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.


Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • det er ein føremon med førarkort klasse B

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Vangen 1, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
365636817
Sist endret
14. aug. 2024 06:14