Miljøarbeider/ helsefagarbeider

Arbeidsgiver
Vinje kommune Psykisk helse og rus
Stillingstittel
Miljøarbeider
Frist
26.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bruli har ledig 85.38% fast stilling som helsefagarbeidar/miljøarbeidar i 2- delt turnus med arbeid kvar 3. helg . Stillinga er ledig frå 01.09.24 .


Stillinga er knytt til Bruli- eit bu tiltak for personar med alvorlege psykiske utfordringar og/ eller rus. Bufellesskapet består av 10 kommunale omsorgsbustader som er lokalisert i Åmot.Avdelinga har 14 årsverk med ulik fagbakgrunn og høg kompetanse


Arbeidsoppgåvene er retta mot tett individuell oppfølging av bebuarar og miljøarbeid. Det er tverrfagleg team rundt kvar enkelt bebuar.


Arbeidsoppgåver:



  • Heilskapleg oppfølging



  • Tverrfagleg samarbeid



  • Legge til rette for å utføre praktisk bistand saman med bebuarar



  • Bistand til nødvendig reingjering av bustad m.m.



  • Miljøarbeid/aktivitet med bebuarar



Kvalifikasjonar



  • Helsefagutdanning og/eller anna relevant utdanning.



  • Relevant erfaring frå fagområdet psykisk helsearbeid- kan kompensere for krav om fagbrev



  • Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil



  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg -- minimum nivå B2



Personlege eigenskapar



  • Du er trygg på deg sjølv og har gode samarbeidsevner



  • Du er fleksibel , løysingsorientert og trivs med varierte oppgåve



  • Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar



  • Du har interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid



  • Du har respekt og arbeidsglede som viktige verdiar



  • Du har eit godt humør og bidrar positivt til eit godt arbeidsmiljø



Personleg egnahet vert vektlagt


Me kan tilby:



  • Tilsette får rettleiing og undervisning regelmessig.



  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver



  • Eit positivt arbeidsmiljø med god takhøgde og mykje humor



  • Engasjerte kollegaer og tilsette med fokus på fagleg utvikling og samarbeid



  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar



Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Må leverast før oppstart.

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
365736202
Sist endret
14. aug. 2024 06:34