Sjukepleiar/spesialsjukepleiar Akuttmottak/Obs.post

Arbeidsgiver
Akuttmottak FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar i Akuttmottak FSS
Frist
02.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Akuttmottak/Obs.post ved Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stillingar som sjukepleiar/spesialsjukepleiar:

  • 3 x 100% faste stillingar frå 01.10.2024
  • 4 x 80-100% vikariat som sjukepleiar/spesialsjukepleiar frå 01.10.2024 - 17.08.2025.

Akuttmottak startar opp med ein observasjonspost 01.09.2024. Denne vil ha 6 sengeplassar med forventa liggetid <24 timar. Tilsette må vere førebudd på å jobbe begge stadar.

Akuttmottak er ein hektisk og spennande arbeidsplass. Avdelinga tek imot øyeblikkeleg hjelp pasientar til innlegging (omlag 25 i døgnet), og pasientar som skal til poliklinikk på kveld, natt og helg. Det er ønskjeleg med sjukepleiarar med minimum 2 års erfaring frå akuttmottak eller sengepostar. Ein må ha evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.

Ved intern tilsetting kan det bli ledig vikariat.



Arbeidsoppgåver

  • Mottak og triagering av pasientar
  • Måling av vitale parameter, observasjon og behandling av alle typar pasientar, både vaksne og barn. Bruk av eige triage system
  • Innlegging av venekanylar, urinvegskateter, EKG, taking av art. blodgass og analysering av dette, assistere legar ved ulike prosedyrar
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr som scoopovervaking, EKG-apparat, blærescanner, sprøytepumper og infusjonspumper
  • Observasjon av pasienter på obs. post

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå akuttmottak er ønskjeleg, men ikkje nødvendig
  • Gode datakunnskapar
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Det er i tillegg ønskjeleg at ein kan uttrykke seg munnleg på engelsk og gjerne andre språk

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Entusiastisk
  • Må ha høg arbeidsmoral
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre
opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa
i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Kontaktinformasjon

Tom Ole Dyrstad, Seksjonsleiar, +47 578 39 008

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4846466187

Stillingsprosent: 100%

Anna

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 30.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
365755936
Sist endret
14. aug. 2024 01:09