Inaktiv

Ambulansearbeidar - Førde

Arbeidsgiver
Ambulansetenesta, Helse Førde
Stillingstittel
Ambulansearbeidar Førde
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Førde ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stilling:

  • 100% fast stilling som ambulansearbeidar
  • Oppstart: etter avtale

Ambulansetenesta ligg organisert i Avdeling for prehospitale tenester og AMK i Kirurgisk klinikk. Tenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.

Førde ambulansestasjon har 24 årsverk og har to døgnbil i tillegg til ein dagbil måndag til fredag. Stasjonen i Førde dekkjer og eit beredskapspunkt på Skei i Jølster, vanlegvis med ein av dei to døgnbilane på dagtid i vekedagar. Tilsette roterer mellom vakt på hovud- og satellittstasjon. Alle vaktskifte skjer ved hovudstasjon. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og elles døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan.



Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1
  • Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
  • Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.
  • Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic.
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vektleggast
  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulansearbeidar
  • Like å ha det tidvis hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Leif Otto Halland, Ass. ambulansesjef, +47 415 30 504

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4839368796

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 31.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
365757254
Sist endret
14. aug. 2024 01:15