100% stilling som rådgjevar friluftsliv og idrett

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Samfunnsutvikling og plan
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me ynskjer å tilsetja eit drivande og engasjert menneske som brenn for friluftsliv og idrett. Arbeidet vil vere variert og ha eit grunnleggande positivt fokus på utvikling av kommunen. Du vil ha ansvar for kommunen si satsing på friluftsliv, jobbe med utviklinga av Jondal som nasjonalparklandsby og nasjonalparkane våre, samt utvikling av anlegg for idrett.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektleiar for Friluftshovudstaden

Hovudoppgåva vil vere å leggje til rette for idrett og friluftsliv. For 2024 er det budsjettert 1 mnok til ulike friluftsprosjekt. Prosjektplanen for Friluftshovudstaden finn du her: https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2021/06/Friluftshovustaden-prosjektskis se-vedteken-av-kommunestyret.pdf

Du vil vere sentral i å ta dette arbeidet vidare.

Innan utvikling av idrettsanlegg er det sett av 3 mnok i 2024. Her er Idrettsrådet og idrettslaga sentrale samarbeidspartar.

Andre arbeidsområde knytt til stillinga:

Ullensvang er ein stor nasjonalparkkommune. Du vil bli involvert i forvaltning og utvikling av nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her vil du samarbeide med vår verksemd for plan/samfunnsutvikling og nasjonalparkforvaltar/styre.

Jondal har status som nasjonalparklandsby. Ein nasjonalparklandsby skal ha eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar og vera ein god plass å bu. I stillinga ligg ansvar knytt til oppfølging av dette målet.

Handsaming av spelemiddelsøknadar.

Vegleiia lag og organisasjonar i søknadsprosessen. Vurdering av søknadar og framlegging for politisk handsaming. Dialog med Vestland Fylkeskommune.

Folkehelse.

Delta i utarbeiding av folkehelseoversikten, oppfølging og koordinering av Friluftshovudstaden og folkehelsearbeidet.

Ynskte kvalifikasjonar:

● Relevant erfaring med arbeid innan friluftsliv, reiseliv og prosjektleiing.

● Relevant høgskuleutdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav dersom søkjar kan syne til særs god realkompetanse og erfaring.

● Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon

● Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk

● Førarkort klasse B

Eigenskapar:

● Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen

● Evne til å arbeida systematisk

● Særs gode gjennomføringsevner

● Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

● Fleksibilitet og positiv innstilling

● Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr:

● Fast 100 % stilling

● Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø ● Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Rådgivning
FINN-kode
365793705
Sist endret
14. aug. 2024 12:41