Fastlege Haramsøy legekontor 

Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune - vil du vere med å bygge ei ny kommune?

Haramsøy legekontor har ledig fastlegestilling frå august 2024.

Haramsøy legekontor har kommunal drift med erfarne hjelpepersonell/ sjukepleiarar. Vi har gode lokale og eit godt arbeidsmiljø. Vi brukar CGM Journal og det er lagt ned mykje arbeid i oppdatering av journalar. Dei to fastlegane på Haramsøy legekontor har ein gunstig 8.2 avtale med Haram kommune der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leie til Haram kommune. Den nye fastlegen kan velge same 8.2 avtale eller ei svært konkurransedyktig fastlønn og med 30% bonus.

Haramsøy legekontor ligg på Haramsøy. Det er fastlandssamband med bru og tunnelar. Dei fleste pasientane bur på Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft. Det går fint an å pendla frå Ålesunds-området. På Haramsøy er det ein svært god barne- og ungdomsskule og barnehage. Det er rikt kulturliv og fine moglegheiter for friluftsliv.
Fastlegane på Haramsøy legekontor trivst veldig godt og har arbeida der i 40 år og 21 år, og begge er spesialistar i allmennmedisin. Den eine fastlegen vår pensjonerer seg frå 24.08.2024 ved fylte 70 år. Den andre fastlegen vår ønsker å halde fram og kan vere ALIS-rettleiar. Listelengd på den ledige fastlegelista er rundt 840.

Haram kommune har tre legekontor. Brattvåg legekontor har 6 fastlegestillingar og ein LIS1. Vatne legekontor har fire fastlegestillingar og ein LIS1. Haramsøy legekontor har to fastlegestillingar og 1 LIS1. Alle legane møtast ein gong i månaden til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng i vidareutdanning/etterutdanning.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeida på tvers for å skapa gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.



Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
  • Gode kommunikasjonevner og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk muntlig og skriftlig
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
  • Du kan velge mellom svært konkurransedyktig fastlønn med tillegg av 30% bonus av takstproduksjon eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale.
  • Listestørrelse 800-900 pasientar ved full kurativ stilling som ALIS.
  • Ingen "goodwill" ved overtaking av liste til privat næringsdrift
  • Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt. to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning av erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar.
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin. Kommunane samarbeider om å legge til rette for at ALIS i Haram vil kunne ta institusjonstenesta ved ØHD om ein ønsker det.
  • ALIS-avtale.
  • Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen pliktast til offentlig arbeid på inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel.

Kontaktinformasjon

Espen Ervik, Tenesteleiar, 41007299, espen.ervik@haram.kommune.no

Tom Arne Christiansen , Fastlege Haramsøy legekontor , 99241841, om.arne.christensen@haram.kommune.no

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Jonasvegen 49

6290 Haramsøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4832554103

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sted
Jonasvegen 49, 6290 Haramsøy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
365801564
Sist endret
15. aug. 2024 06:27