Byggingeniør 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Eigedom, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Byggingeniør - 100% fast stilling
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sykkylven kommune har ei ledig 100% fast stilling som byggingeniør, med kontorstad Sykkylven rådhus.
Stillinga er organisert under kommunalområde samfunn avdeling eigedom. Dette kommunalområde består også av avdelingane teknisk og kultur.

Eigedomsavdelinga jobbar med prosjekt knytt til utvikling av eksisterande bygningsmasse, gjennomføring av nybygg for tenesteyting og prosjekt knytt til nye omsorgsbustadar. Gjennom tverrfaglege samarbeid, tilbyr vi spennande og varierande utfordringar i arbeidsdagen.

Sykkylven kommune har som mål å gjere kommunen til ein enda betre plass å bu. Om du ønsker å være med å bidra til utviklinga av lokalsamfunnet i Sykkylven kommune, har du no moglegheita!



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, bestille og følge opp vedlikeholdsjobber på bygg og infrastruktur
  • Bistå i utarbeiding av underlag for kontrakter, delaktig i kontrahering, samt oppfølging av leverandører
  • Planlegging og dokumentasjon av vedlikeholdet i Laft
  • Byggeleder og kontrollør i drift og prosjekt
  • SHA/KU rolle i drift og prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Bachelor/Ingeniør med byggfagleg bakgrunn, eller annan relevant utdanning og praksis
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Trivast med høg aktivitet og evne til å takle ad hoc oppgåver
  • Du er praktisk orientert, initiativrik og resultatorientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er effektiv og har høy arbeidskapasitet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Positiv innstilling og godt humør

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit spennande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Lønn etter avtale

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
I samsvar med offentlegheitslova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming.
Søkjarane vil i tilfelle verte førehandsvarsla om dette.

Kontaktinformasjon

Odd Jostein Drotninghaug, kommunalsjef, 93255516, odd.jostein.drotninghaug@sykkylven.kommune.no

Ronny Utgård, Eigedomssjef, 90697788, ronny.utgard@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4829134199

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk, Rådgivning
FINN-kode
365805880
Sist endret
19. aug. 2024 01:25