Inaktiv

Avdelingsingeniør

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Mikrobiologisk avdeling har om lag 130 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggande kommunar, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har fleire einingar - Virologisk seksjon, Bakteriologisk seksjon, Molekylærbiologisk seksjon, eit prøvemottak og eit medieproduksjonslaboratorium.

Ved Produksjonslaboratoriet vert det produsert ulike dyrkingsmediar og reagensar. I tillegg til at drifta er akkreditert etter ISO-15189, skal det som produserast oppfylle krava til EU-forordninga om in vitro-diagnostisk medisinsk utstyr (IVDR). Det er no ledig stilling som avdelingsingeniør ved Poduksjonslaboratoriet. Avdelingsingeniøren har mellom anna ansvar for oppfølging av kvalitetskontroller, prosedyreskriving og metodevalidering. I tida framover vil det bli jobba med IVDR i avdelinga. Avdelingsingeniøren ved Produksjonslaboratoriet vil vere sentral i dette arbeidet.



Arbeidsoppgåver

  • Medieproduksjon
  • Oppfølging av kvalitetskontrollar
  • Utarbeide og vedlikehalde prosedyrar
  • Kjemikalieansvar
  • Sikre at produksjonen skjer etter gjeldande standardar
  • Opplæring av anna personell

Kvalifikasjonar

  • Ingeniørutdanning innan kjemi, mikrobiologi, bioingeniørfag eller tilsvarande
  • Kjennskap til EU-forordninga om in vitro-diagnostisk utstyr (IVDR)
  • Kjennskap til ISO 15189 og/eller tilsvarande standardar
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til godt samarbeid i større og mindre grupper
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til systematisk arbeid
  • God framstillingsevne, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Randi Monsen Nygaard, Sjefbioingeniør, 55975798

Arbeidsstad

Jonas Lies veg 87

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4845020206

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies veg 87, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør
FINN-kode
365895790
Sist endret
15. aug. 2024 06:32