Vil du bli ein del av laget som skal utvikle Sunnfjordskulen? Vi søker etter

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Skule
Stillingstittel
Rektor ved Halbrend skule
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli ein del av laget som skal utvikle Sunnfjordskulen?

Vi søker etter ny rektor ved Halbrend skule i Sunnfjord kommune. Halbrend skule har 400 elevar frå 6. – 10. trinn. Skulen ligg flott til i nærleiken av Førde sentrum. Skulen er rehabilitert og utbygd i 2013 og har gode fasilitetar for elevar og tilsette. Det er bygd ny fleirbrukshall tett inntil skulen og hallen blir nytta til kroppsøving og samlingar i skuletida. Halbrend skule har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant elevar og tilsette. Sunnfjordkulen har for tida fokus på å utvikle vurderingspraksis, begynnaropplæring, inkluderande praksis og profesjonsfellesskapet.

Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover. Du må evne å omsette Sunnfjord kommune sine verdiar - engasjert, inkluderande og nær, i praksis.

Vi søker deg som har:
  • erfaring frå skuleleiing
  • god pedagogisk forståing og innsikt.
  • erfaring frå utviklingsarbeid
  • systemkompetanse og erfaring frå å nytte resultat i utviklingsarbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Arbeidsoppgåver:
  • leie og motivere til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • utvikle skulemiljøet og arbeide førebyggande mot mobbing
  • økonomiansvar
  • personalansvar
  • rapporteringsansvar til kommunalsjef
  • drive skulen i samsvar med lov, sentrale og kommunale føringar
  • legge til rette for godt samarbeid mellom foreldre og skule
  • legge til rette for tverrfaglig arbeid og samarbeide med ulike tjenester
Utdanning:
  • godkjend utdanning frå høgskule/universitet med undervisningskompetanse for grunnskulen
  • du har utdanning i skuleleiing, eller er villig til å ta slik utdanning
Personlege eigenskapar:
  • kunne stå fram som ein tydeleg leiar med visjonar for skulen
  • kunne sette born si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
  • vere samlande og inkluderande
  • strukturert og ryddig
  • kunne handtere eit høgt arbeidstempo og utfordrande saker
  • ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
  • er lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder
Vi kan tilby:
  • gode løns- og arbeidsvilkår
  • eit fagleg fellesskap
  • ein aktiv skuleeigar som legg til rette for utviklingsarbeid
  • ei spennande og utfordrande leiarstilling

Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

Halbrend skule har ein merkantil ressurs på 80 prosent og to assisterande rektorar.

Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.

Saman blir vi drivande gode, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
365934813
Sist endret
15. aug. 2024 12:21