Inaktiv

Helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver
Strandebarm omsorg
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bli vår nye kollega?

Me søkjer helsefagarbeidarar til ledige stillingar frå hausten 2024.

  • 80 % fast stilling frå snarast
  • 90 % årsvikariat frå oktober 2024 - september 2025
  • Arbeid på dag og kveld. Turnusarbeid for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg.

Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har base på Strandebarm Omsorg som stod ferdig i mars 2023.

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.



Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort på bil

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
  • Du må ha positiv innstilling
  • Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
  • Gode pensjons-/ forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408

Liv Berit Bru Eide, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408

Arbeidsstad

Strandebarmvegen 530

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4846354375

Stillingsprosent: 80, 90%

Fast, Vikar

Startdato: 01.10.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Strandebarmvegen 530, 5630 Strandebarm
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
365945142
Sist endret
15. aug. 2024 11:41