Dirigent Valldal skulekorps
- Arbeidsgiver
- Oppvekst og kultur
- Stillingstittel
- Dirigent Valldal skulekorps
- Frist
- 01.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Valldal skulekorps er eit janitsjarkorps med drilltropp frå sjølvaste jordbærbygda Valldal på Sunnmøre. Valldal skulekorps vart stifta i 1968 og har ca. 35 medlemmar inklusiv drilltropp, aspirantar og støttemedlemmar.
Valldal skulekorps sin visjon er musikalsk utvikling og speleglede for alle. Korpset øver kvar måndag i kultursalen og idrettshallen på det flotte Martin Linge-huset i Valldal, og rekrutterer medlemmar frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda.
Korpset arrangerer konsertar og seminar, deltek på konkurransar og reiser på turar, både innanlands og i utlandet. Dei siste åra har vi deltatt på Rocka Musikkstemne på Nordfjordeid, Sommarlandfestivalen i Bø, Averøyfestivalen og vore på utlandstur til Gdansk i Polen.
I 2022 arrangerte vi Korpsfestivalldal med nærare 700 deltakarar jonsokhelga i juni. Vi har sett oss som mål å arrangere Korpsfestivalldal kvart 3.år.
NB: Stranda kommune har ledig 36 fast stilling som dirigent og messinglærar.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, men ansvar for all musikalsk aktivitet
- Dirigenten må følgje opp skulekorpset musikalsk, med m.a. konsertar og konkurransar. Kontakt med lærarar og styre og i tillegg delta i rekruttering av nye aspirantar.
- Dirigenten skal, sørge for at korpset til ei kvar tid har eit godt reretoar i tråd med årsplan.
- Det er viktig at dirigenten kjenner til messing, treblås- og slagverkinstrument, og har god partiturkjennskap
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps
- Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå, for å gje alle mestring
- Må kunne dokumentere at du har eit språknivå tilsvarande B1 om du ikkje har skandinavisk språk som morsmål.
- Politiattest med nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- Trygg, varm vaksenperson, som kan skape gode relasjonar til alle. og er bevisst eigne hadningar og verdiar
- Motivert og engasjert pedagog og kollega
- Bidreg positivt i personalet og korpset, med godt humør og fagleg innspel
- vil vere med å utvikle faget, korpset og kulturskulen
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetting på dei vilkår som samsvarar med garantilønn jf. HTA og etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Thea Marie Ytterdal, Rektor kulturskulen, +47 41576702Arbeidsstad
Olavsgata 106210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturReferansenr.: 4847509420
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Olavsgata 10, 6210 Valldal
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 365964158
- Sist endret
- 16. aug. 2024 05:27