Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse
- Frist
- 31.08.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vil du bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega som er interessert og engasjert i pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Vi har no ledig 1 fast stilling og 1 vikariat i vårt oppsøkjande psykoseteam/ FACT.
Teamet si pasientgruppe er personar med alvorlege psykiske lidingar med ulike tilleggsproblematikk. Møta med pasientar går føre seg hovudsakleg ambulant. Teamet har både utgreiing og behandling av pasientane, og er tverrfagleg samansett med spesialsjukepleiarar, sosionom, psykolog og psykiater.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt inn i fleire ulike team; to allmennteam, gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team. Poliklinikken har over 50 fagstillingar med overlegar i psykiatri/ legar i spesialisering, psykologspesialistar/ psykologar, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Seksjonen legg stor vekt på moglegheit til å vedlikehalde og utvikle kompetanse.
Vi legg vekt på arbeid i team for samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillingane eller dei ulike teama, ta gjerne kontakt med seksjonsleiar eller teamkoordinator
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Tilpassa behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar
- Pasientbehandling i tverrfagleg team
- Bidra til psykiatrifaglege vurderingar, i tett samarbeid med teamet sine spesialistar og øvrige teamtilsette
- Forebygging av og intervensjon ved kriser
- Samarbeid med pårørande
- Nært samarbeid med andre tenester innan spesialisthelsetenesta og kommune
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse
- Utdanning i terapiretning og med erfaring frå liknande klinisk arbeid
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er trygg i eiga yrkesrolle
- Du har evne til å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag
- Du har samarbeider godt både med kollegaer og opp mot ulike samarbeidspartnarar
- Du er løysningsorientert og fleksibel
- Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig både individuelt og i team
På grunn av teamsamansetting og pasientgruppa, oppfordrar vi spesielt kvinner til å søke.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Line Bjørnerem, Teamkoordinator, 90813250Tonje Sæter, Seksjonsleiar, tonje.seter@helse-mr.no
Arbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4846037745
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 31.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Parkvegen 84, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 365968215
- Sist endret
- 16. aug. 2024 05:36