Inaktiv

Spesialkonsulent/konsulent økonomi, løn og rekneskap

Arbeidsgiver
Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
Stillingstittel
Spesialkonsulent/konsulent økonomi, løn og rekneskap 100%
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune søkjer etter spesialkonsulent/konsulent innan fagområdet økonomi og finans i
kommunedirektøren sin stab. Fagområdet blir fagleg leia av økonomisjefen. Du vil jobbe med eit brett
spekter av oppgåve knytt til økonomiprosessar spesielt knytt til rekneskap og innfordring, men også inn mot lønn.

Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og jobbe på tvers
for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Her har staben eit særleg ansvar.

Som nyoppretta kommune vil du medverke til korleis den nye kommunen best kan løyse sine oppgåver.

Arbeidsstad vil være tenestehuset i Brattvåg. Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab, og du vil arbeidet tett i lag med øvrige stab– og
fagtenester i Haram.



Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for rekneskapsføring a-å og årsoppgjør.Kontroll, dokumentasjon og oppfølging av avstemminger.
  • Optimalisere rutinar og prosedyrar.
  • Bidra inn i fagområde med effektivisering av arbeidsprosessar og utnytting av økonomisystem

Bidra med:

  • Lønnshandsaming
  • Kontroll og utbetaling av lønn, godtgjeringar, utlegg mm.
  • Avstemming lønn mot rekneskap.
  • Administrativ oppfølging av sjukemeldingar og refusjonskrav.
  • Oppdatering av rutinar og prosedyrar.
  • Utbetaling av skatt og arbeidsgjevaravgift.

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning på bachelornivå innan fagområdet. Lengre relevant erfaring kan
kompensere for utdanningskravet.

  • Erfaring med rekneskap a-å frå tilsvarande rolle.
  • Det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring frå kommunerekneskap.
  • God digital systemkompetanse.

Kjennskap til kommunalt avtaleverk, pensjonslovgjeving og arbeidsmiljølovgjeving er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • God arbeidskapasitet, arbeide strukturert og effektivt.
  • Nøyaktig og følgje tidsfristar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God digital kompetanse.
  • Løysningsorientert.
  • Personleg eignaheit vert særskilt vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal vidareutviklast, med stort potensial og kompetente
    kollegaer.
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasiliteter på tenestehuset i Brattvåg
  • Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP.

Kontaktinformasjon

Levi Lervik, Økonomisjef, 97072886

Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4847129137

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
FINN-kode
366059440
Sist endret
16. aug. 2024 05:45