100 % fast stilling i Bemanningssenter, Måløy

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
100 % fast stilling Bemanningssenter, Måløy
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kan du tenke deg å jobbe i Helse og Velferd i Måløy delen av Kinn? Vi skal starte opp med bemanningssenter og du har no ein unik moglegheit til å bli betre kjent og få utdanning innan Helse og velferd. Bemanningssenteret i Måløy skal gje tenester til både heimetenesta, institusjon og miljøtenesta.

Du vil ha fast turnus der du arbeider i ulike tenester etter kva behov dei har for vikar. Til dømes innafor heimeteneste eller institusjon. Arbeidshelg har du i ei fast teneste, der leiar har arbeidsgiveransvaret for deg. Synest du dette høyrest spennande ut, kan du bli ein del av vårt bemanningssenter. Vi har no ledig stilling med fast helg på Kulatoppen omsorgssenter, Måløy heimeteneste og Måløy miljøteneste. Du jobber vekedagar etter behov i den tenesta du har helgestilling i tillegg til ei eller to andre tenester etter avtale.



Arbeidsoppgåver

Stell, pleie og yte god omsorg til pasientane
Sikre god dokumentasjon
Tverrfagleg samarbeid
Bruk av kliniske verktøy
Oppfølging, kartlegging og vurdering av pasientar i samarbeid med sjukepleiar
Faglege prosedyre
Medikamenthåndtering

Kvalifikasjonar

Helsefagarbeidar

Lærlingar i helsefag som blir ferdig utdanna i 2024/ 2025 kan søkje

Ufaglærte som binder seg til å ta utdanning innen helse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som synes utfordringar og varierte arbeidsdagar i fleire tenester høyrast kjekt ut. Du må like endring i både arbeidsoppgåver og tenestestad. Som tilsett i bemanningseininga vil du vere vikaren som kjem inn når avdelinga treng det fordi nokon er sjuke.

Eigenskapar som vi meinar er viktig å ha, er:

Fagleg engasjement
Omsorgsfull
Sjølvstendig
Ansvarsbevisst
Strukturert
Reflektert

God samarbeidsevne
Positiv, fleksibel og løysningsorientert
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Vi tilbyr varierte arbeidsdagar og mange kjekke kollegaer, og ein stor moglegheit til å bli kjent med mange avdelingar og drifta der.

Du vil få kr 20 000,- pr.år som tillegg på årslønna.
Årsturnus
Kompetanse lønnsstige
Legger til rette for relevant etter- og vidareutdanning
Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
Intern opplæring
Fokus på etisk refleksjon
God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Anita Solberg, Tenesteleiar Måløy heimeteneste, 91815678, anita.solberg@kinn.kommune.no

Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.no

Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy avlastning, 41922879, rakel.garnes@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4837516545

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Gate 1 64, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
366064405
Sist endret
16. aug. 2024 06:41