Inaktiv

Vil du vere med å utvikle framtidas barnevern?

Arbeidsgiver
Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste
Stillingstittel
Fast stilling i familieteamet
Frist
06.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å gjere ein forskjell for dei som treng det mest? Er du opptekne av endringsarbeid i direkte kontakt med barn, unge og familiar? Barneverntjenesta søkjer kompetanse og erfaring retta mot sped- og småbarn. Me søkjar òg kompetanse retta mot ungdom med ulike åtferdsuttrykk, førebygging av kriminalitet og rus. No har me ledig ein 100% fast stilling hjå oss, kanskje du er vår nye kollega? Ikkje nøl med å søke, me sjår fram til å høyre frå deg!

Generelle kvalifikasjonar:

  • barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • tilleggsutdanning, klinisk godkjenning og erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
  • god skriftleg framstillingsevne
  • gode dataferdigheiter

Personlege eigenskapar blir vektlagt:

  • evne til å arbeide med endring
  • gode refleksjonsevner
  • ein god teamarbeider
  • evne til å møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
  • positiv haldning og godt humør

Vi kan tilby:

  • eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern
  • godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
  • fleksibel arbeidstid
  • fagleg utvikling og vekst
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: https://www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sundrevegen 95, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
366069518
Sist endret
16. aug. 2024 08:50