Fusa butenester har ledig 3 x100% stillingar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Stillingstittel
Helsepersonell i faste stillingar
Frist
10.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, er det ledig  3x100% fast stilling. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding.

Arbeidsstad
Fusa butenester er ei avdeling, for vaksne, i Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksen med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap, tenester i heimen, ambulante tenester, avlastningsenter, for born, og 2 dagsenter. Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillingane er i turnus, med moglegheiter for langvakter kvar 4.helg.

Kvalifikasjoner
Du har autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, men søkjarar med relevant helsefagleg utdanning vil og bli vurderte.

Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel og du bidrar til:

  • skaper gode relasjoner, tillit og tryggleik
  • ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
  • ønskjer utfordringar
  • er sjølvstendig og og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
  • lyttar med respekt 

På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
366072542
Sist endret
27. sep. 2024 09:46