Overlege i radiologi til fast stilling ved Radiologisk avdeling, seksjon for barn og unge

Arbeidsgiver
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig fast stilling som overlege i radiologi ved Radiologisk avdeling, seksjon for barn og unge
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Radiologisk avdeling er ei avdeling i stadig utvikling. Vi har om lag 350 flinke og engasjerte medarbeidarar og avdelinga har ein moderne utstyrspark. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og radiolog innan hybriddiagnostikk. Avdelinga nyttar Sectra RIS og PACS.

Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT-møte. Sjukehuset fungerer som lokalsjukehus og regionsjukehus. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande og omfattar utgreiing av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss i mellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane er tildelt.



Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsarbeid, tolking av undersøkingar i fagfeltet og deltaking i fagmøte
  • Deltaking i vaktarbeid
  • Ultralydverksemd
  • Rettleiing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk autorisasjon og vere spesialist i radiologi, søkar med kort tid att til ferdig spesialist kan også søke
  • Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden, særskild interesse og erfaring med ultralyddiagnostikk hos barn er ønskeleg
  • Søkar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å skape ei god ramme for barn og pårørande ved radiologisk utgreiing
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Aina Nærø Kristensen, Avdelingsoverlege, 55 97 64 67, aina.nero.kristensen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4847800443

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege / Overlege, Lege
FINN-kode
366123567
Sist endret
19. aug. 2024 06:31