Inaktiv

Drosjesjåførar deltid for persontransport i Samnanger

Arbeidsgiver
Samtax As
Stillingstittel
Drosjesjåfør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Persontransport - oppdrag med skuleskyss, pasientreiser, TT-transport og ordinær drosjetransport på bestilling med utgangspunkt i Samnanger kommune.




Hva vi ser etter

Vi ser etter to to dugande, strukturerte og serviceinnstilte sjåførar. Du må ha førarkort klasse B, drosjesjåførkompetanse og køyresetel for drosje.


Du må snakka tilstrekkeleg godt norsk til å kunna gje trygg og god assistanse til barn, eldre eller sjuke ved behov. Dette betyr i sum at du må ha bestått norskprøve på nivå B2 for å kunna fungera i denne stillinga.


For den rette kandidaten kan Samtax AS leggja til rette for at vedkommande kan skaffa seg naudsynt sjåførkompetanse om nokre av kompetansekrava manglar. Opplæring vil bli gjeve.




Arbeidsoppgaver

Persontransport innan, og til og frå Samnanger kommune. Vi utfører skuleskyss, pasientreiser, TT-transport og ordinær drosjetransport på bestilling.


Eine stillinga vert ei helgevaktstilling i kombinasjon med å vera tilkallingsvikar. Den andre stillinga inngår også i helgevaktordninga, men vedkommande får også faste oppdrag med skulekøyring to - tre dagar i veka i tillegg til andre transportoppdrag som kjem til. Sistnemnde stilling utgjer ca 25 - 30 % - med utsikt til større inntening om transportmengda aukar.




Vi tilbyr

Som drosjesjåfør hos oss har du fleksibel arbeidstid og ein variert arbeidsdag. Du vil inngå i ei helgevaktordning.


Du vil ta del i eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø, og vi <> når det trengs. Vi ønskjer deg velkommen på laget!


Løna er basert på avtalt del av omsetnaden din.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Stillingsfunksjon
Transport og sjåfør, Annet, Kundeservice
FINN-kode
366577498
Sist endret
18. aug. 2024 09:08