Sjukepleiar 100% fast Bu- og habilitering

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast Bu- og habilitering
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

Omtale av stillingar

  • Sjukepleiar stlling på 100 % som er ledige frå september 2024.
  • Arbeidstida er turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg.
  • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.

Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.

Søkjarar må ha sertifikat på bil

Eigenskapar

  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
  • Kunna takla utfordrande adferd.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
366613062
Sist endret
19. aug. 2024 08:56