Inaktiv
Barne- og ungdomsarbeidar
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% vikariat barne- og ungd.arb. frå snarast
- Frist
- 06.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig i inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå snarast til 31.12.2024, med moglegheit for forlenging.
Stillinga er i utgangspunktet planlagt med oppgåver knytt til SFO og skule (elevoppfølging), men det kan også vere aktuelt med oppgåver innan barnehage ved behov. Stillinga har ikkje komprimert arbeidstid. Eivindvik barnehage og skule består av 1-10- skule, inkludert SFO, og ein barnehage. Sjå www.eivindvik.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1013, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 366637412
- Sist endret
- 20. aug. 2024 06:09