Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling
- Arbeidsgiver
- Vang Kommune
- Stillingstittel
- Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling
- Frist
- 08.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør vatn og avløp, ved Landbruk og teknisk etat. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding
Vang kommune har 4 avløpsanlegg og 7 vassverk med tilhøyrande leidningsnett og pumpestasjonar. Anlegga betener fritidsbustader, faste bustader, næring og kommunale bygg som skule og barnehage.
Dei siste åra har kommunen investert betydelege beløp i nye anlegg. Byggeaktiviteten vil også vera stor i dei kommande åra.
Kommunen nyttar digitale løysningar innanfor GIS, driftsovervaking, avviksrapportering og internkontroll.
I avdeling for vatn og avløp er det 3 driftsoperatørar, ein ingeniør samt avdelingsleiar vatn og avløp. Stillinga er underlagt avdelingsleiar vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver
- Service og reparasjonar på anlegg for vatn og avløp
- Delta i den daglige drifta saman med dei andre driftsoperatørane
- Delta i den til ei kvar tid gjeldande vaktordninga
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev (primært innan elektrofag)
- Ynskjeleg med 5-10 års erfaring (primært elektrofag)
- Driftsoperatørkurs eller anna praktisk erfaring innan drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg er ein fordel
- Erfaring med bruk av digitale verktøy er nødvendig
- Gode samarbeidsevner, og evner til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (E)
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Om den som blir tilsett ikkje har godkjent utdanning som driftsoperatør, må vedkomande vera villig til å ta kurs for driftsoperatørar.
Me tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø, utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad ved behov
- Fleksibel arbeidstidsordning
Kontaktinformasjon
Torstein Brekke-Dervola, Ingeniør vatn og avløp, 91837898, torstein.dervola@vang.kommune.noIngeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, +47 99230305, ingeborg.lunde@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4835834386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
- Stillingsfunksjon
- Annet, Håndverker, Teknisk personell
- FINN-kode
- 366641974
- Sist endret
- 20. aug. 2024 06:19