Inaktiv

Vikariat som rådgjevar/seniorkonsulent

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Vikariat som rådgjevar/seniorkonsulent
Frist
09.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Vikariat som rådgjevar/seniorkonsulent ved Holbergprisen

Vi søkjer etter ein kollega til Holbergprisens sekretariat, til ei sentral og sjølvstendig stilling med ansvar for å arrangementsavvikling, arbeid med kommunikasjon og informasjon i ulike kanalar, kontakt med eksterne leverandørar og interessentar, samt anna administrativt arbeid ved Holbergprisen. Stillinga er eit 100% vikariat med varigheit frå 15. oktober til 15. juni.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen, som er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i vidaregåande skule. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.


Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som er knytte til stillinga er varierte og kan til ei viss grad tilpassast kandidaten sin kompetanse og erfaring. Arbeidsoppgåvene inkluderer:

  • Planlegging og avvikling av fysiske og digitale arrangement
  • Arbeid med sosiale medium, blant anna planlegging, utforming av innhald og betalt annonsering
  • Arbeid med nominasjonskampanjen for Holbergprisen og Nils Klim-prisen
  • Arbeid med Holbergprisen sine nettsider
  • Tekstproduksjon på norsk og engelsk
  • Utarbeiding av styresaker, rapportar, trykksaker og statistikk i samråd med leiinga
  • Bestillingar og oppfølging av eksterne leverandørar
  • Andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer primært ein rådgjevar, men for søkjarar med mindre erfaring, eller utdanning på lågare nivå, vil stilling som seniorkonsulent vurderast.

  • Søkjaren bør ha høgare utdanning på fortrinnsvis bachelor- eller mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid. Erfaring med planlegging og avvikling av arrangement vil vektleggjast
  • God digital kompetanse
  • Svært god skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk. Det er ein fordel med erfaring frå tekst- og informasjonsarbeid
  • Det vil vere ein fordel, men ikkje et krav, at søkjaren har erfaring med grafisk arbeid og erfaring med publiseringsverktøy for nettsider

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, mellom anna at du er fleksibel, klarer å handtere mange oppgåver samtidig, arbeider raskt, nøyaktig og sjølvstendig og er ein god lagspelar i en liten organisasjon


Vi kan tilby:
  • Hyggeleg arbeidsplass med trivelege kollegaer i ein dynamisk og fagleg interessant organisasjon
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønstrinn 60 – 66 (for tida kr 584 500 – 646 000) eller seniorkonsulent (kode 1363) i lønstrinn 57 - 61 (for tida kr 557 100- 594 500) i det statlege lønsregulativet, avhengig av kvalifikasjoner. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare lønn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Nyoppussa og gode kontorlokale sentralt i Bergen
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dministrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ellen Ingeborg Hætta, på tlf.: 988 01 001 / e-post ellen.haetta@uib.no, eller rådgjevar Hjørdis Maria Longva, tlf. 41 66 47 72 / e-post hjordis.longva@uib.no

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Holbergprisens sekretariat.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Saksbehandler
FINN-kode
366645236
Sist endret
20. aug. 2024 06:20