Eitt års vikariat som barne og ungdomsarbeidar
- Arbeidsgiver
- Stedje Barnehage
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Frist
- 01.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vikariat som barne og ungdomsarbeidar
Hva vi ser etter
Me ser etter nokon som kan komme med innspel til planlegging og gjennomføring av aktivitetar
Ta del -og medansvar for å planlegge og gjennomføre aktivitetar mot enkeltborn og heile barnegruppa
Ta del --og medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen; Delta i og gjennomføre planlagde aktivitetar. Del --og medansvar for å observere og motivere under aktivitetar. Arbeide sjølvstendig og ta initiativ i det daglege arbeidet. Vere ein tydeleg rollemodell. Vere løysingsfokusert, fleksibel og open for endringar.
Førebuingane skal skje innan ordinær arbeidstid.
Du må skaffe seg kunnskapar om og halde seg oppdatert på barnehagen sine overordna planar og vedtekter, årsplan og andre gjeldane planar. Medverke til at måla i dei ulike planane nås. Melde avvik og eventuelle forslag til forbetringar. Vere villig til å ta kurs og fagopplæring som blir tilbudd gjennom barnehagen. Reflektere over eige arbeid. Sette seg personlege mål. Søke rettleiing ved behov. Sørge for å gi og få tilbakemeldingar. Vere fagleg oppdatert.
Du har eitt medansvar for samarbeid og kontakt med foreldre. Bidra til eit godt samarbeidsklima og sosialt arbeidsmiljø. Bevisst på <>. Følgje tjenesteveg. Forholde seg lojalt til vedtak som er gjort. Samarbeide med opplæringskontoret for lærlingar når det er aktuelt
Arbeidsoppgaver
Barne-og ungdomsarbeider må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for og kjennskap til alle born og foreldre. Vere lojal overfor bedrifta, barnehagens arbeid og fattande vedtak. Ansvar for å følgje opp rutinar innanfor HMS, lover og forskrifter. Ta vare på dei materielle verdiane som barnehagen forvaltar. Nærmaste overordna er pedagogisk leiar.
Barne-og ungdomsarbeider har både eit fagleg del- og medansvar. Med delansvar kan barne-og ungdomsarbeider få delegert ansvar for ei avgrensa fagleg oppgåve. Medansvar betyr å ha ansvar saman med andre.
Vi tilbyr
Me kan tilby ein barnehage som ynskjer å alltid vere på veg. Eitt godt arbeidsmiljø med 16 tilsette av begge kjønn. Me jobbar mykje i små og store prosjekt både vdelingsvis og på tvers av avdelingar. Me er lærarutdanningsbarnehage så me vil ta imot studentar og ha eitt tett samarbeid med høgskulen på fleire områder.
Prøvetid er 6 mnd og det vert gjeve lønn etter PBL tariffavtale.
Medlemskap i pensjonskassen
- Sektor
- Privat
- Sted
- Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 366646046
- Sist endret
- 19. aug. 2024 12:08