Inaktiv

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
02.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering post 1 og post 2
  • Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling post 1 og post 3
  • Mottaksklinikken, Korttidsposten
  • Barne- og ungdomsklinikken, Medisin A, Medisin B, Medisin C
  • Ortopedisk avdeling

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.

Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.



Arbeidsoppgåver

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 1 og 2. ReHabiliteringsklinikken er en av klinikkene i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengeposter med totalt 33 døgnplassar. Dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi ønskjar oss medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, være løysingsorientert og meistre høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og en trinnvis oppbygging av kompetanse.
Vi har ledig to 100% fast sjukepleiar stillingar i to-delt turnus. Kontakt: Post 1: Lisbeth Sparre Tlf. 55918484. Post 2: Anja Margrethe Jordal Tlf. 55918425.

Gastrokirurgisk avdeling post 1 har ledige stillingar med tiltredelse 01.09.2024 eller etter avtale. Arbeidstid i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: May-Britt Sudmann Tlf. 90784700/Anette Haatuft Haugland Tlf. 55973408.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Gastrokirurgisk avdeling post 3 behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Arbeidstid i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kontakt: Marius Andreassen Tlf. 55973508

Korttidsposten er ein døgndriven seksjon i Mottaksklinikken med 20 plassar. Vi tar inn pasientar med avklarte tilstandar og kort forventa opphaldstid (opp til 24 timar). Pasientane i Korttidsposten kan ha mange ulike tilstandar og sjukdommar, frå alle medisinske fagområde.
Mange pasientar kan skrivast ut frå sjukehuset etter opphaldet hos oss. Andre treng innlegging for vidare behandling i ei spesialeining i sjukehuset. Kontakt: Anette Tvedt Tlf. 55970880

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande muligheter for framtida.

Medisin A er ein døgnåpen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med sjukdomstilstandar innan følgjande fagfelt; endokrinologi og metabolisme, gastroenterologi og ernæring, nefrologi og reumatologi, hematologi og onkologi og nevrologi. Vi er ein av fem sengepostar på BUK, og vi har eit godt og nært samarbeid med Avansert heimesjukehus. Du vil jobbe i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Dette er ein 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK. Kontakt: Merethe Smørholm Ulveseth Tlf. 97522514

Medisin B er ein døgnåpen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utredning og behandling av barn med sykdomstilstander innen følgende fagfelt; endokrinologi og metabolisme, gastroenterologi og ernæring, nefrologi og reumatologi, hematologi og onkologi og nevrologi. Vi er ein av fem sengepostar på BUK, og vi har eit godt og nært samarbeid med Avansert heimesjukehus. Du vil jobbe i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Dette er ein 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK. Kontakt: Ida Kari Ivarhus Tlf. 41701520

Medisin C består av sengepost, barneovervåkningsenhet, mottak og poliklinikk. På sengepost jobber vi med utredning og behandling av barn med infeksjonssykdommer, lungesykdommer, hjertesykdommer og akuttmedisinske tilstander. Avdelingen er en døgnåpen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Seksjon for infeksjon, lungesykdommer og akuttmedisin er knyttet til Medisin C. I tillegg er vi en utredningspost, der pasienter som ikke har en kjent diagnose, ofte kommer til oss frem til diagnose er satt og barn/ungdom blir overflyttet til den seksjonen de hører til. Du vil jobbe i tredelt turnus med 16 helger per år i kalenderplan.
Dette er ein 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK. Kontakt: Helga Christin Sivertsen Tlf. 41701499

Ortopedisk avdeling har ledig ein stilling. Ein blir tilsett og har sitt hovudarbeid ved ein av seksjonane, men ein må pårekne arbeid ved alle dei ortopediske sengepostane. Ortopedisk avdeling har 51 senger og består av fire seksjonar: Seksjon for traumatologi som behandler kompliserte skader og følger etter skade, Seksjon for rygg og sarkom som behandler ryggbrot, kreft med spredning til skjelett, skeivstillinger og slitasje i ryggen, Seksjon for protese med protesekirurgi og eiga hoftebrotseining med mottak og behandling av pasientar med hoftebrot og Ortopedisk infeksjon som behandlar infeksjonar i relasjon til bein og ulike metallimplantat. Avdelinga har også landsfunksjon for funksjonsforbetrande handkirurgi. Ein vil jobbe i tredelt turnus med arbeid 16 helgar i året. Kontakt: Ingrid Merete Hjelle Tlf. 55973710

Du må:

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg:

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson oppgitt for, den enkelte stillinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4848673000

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
366660416
Sist endret
20. aug. 2024 12:06