Inaktiv

Vikariat ved Sogndal BUP

Arbeidsgiver
Sogndal BUP, Helse Førde
Stillingstittel
Vikariat ved Sogndal BUP
Frist
02.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sogndal BUP har ledig 1 års vikariat i 100 % stilling som behandlar for pedagog/vernepleiar/sosionom/barnevernspedagog/sjukepleiar med oppstart 18.10.2024.

Avdeling for Psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.

Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn Psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr poliklinisk spesialisthelsetjeneste til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.

Den som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar
  • Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar
  • Delta i fag- og kompetanseutvikling
  • Det må påreknast noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

  • Helse/sosialfagleg utdanning eller utdanning som grunnskulelærar/barnehagelærar
  • Relevant vidareutdanning
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med barn
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Gode samarbeidsevner
  • Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid
  • Skape tryggleik hjå pasientar og deira føresette

Ved vurdering av søkarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, +47 576 27 500

Arbeidsstad

Dalavegen 29

6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4838155555

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 18.10.2024

Sluttdato: 17.10.2025

Søknadsfrist: 02.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog
FINN-kode
366664262
Sist endret
20. aug. 2024 06:49