Vil du har ei viktig samfunnsrolle og samtidig bryne deg på juridiske oppgåver?

Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Stillingstittel
Embete som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett
Frist
11.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du ha ei stilling der du får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samtidig som du har ei viktig samfunnsrolle?

Det vert ledig ei stilling som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett med kontorstad i Volda. Oppstart etter nærare avtale.

Møre og Romsdal tingrett er ein fullfagleg domstol i første instans, med rettsstadar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Sakene vert behandla ved det rettsstaden dei geografisk høyrer til. Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i krinsen. Bemanninga ved domstolen er idag på 18 dømmande årsverk og ein samla bemanning på 43 årsverk

Stortinget vedtok i vår strukturendring av Møre og Romsdal tingrett, Dette fører til at rettsstad Volda og rettsstad Ålesund blir den nye domstolen Sunnmøre tingrett. Det vil verte ein god del reising til Ålesund, sidan ein stor andel av dommarportefølgje/sakene må påreknast irettført i Ålesund.


Kven er du?

Krav til stillinga som tingrettsdommar:

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap
  • Du må vere norsk statsborgar
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg og godt juridisk skjønn og analytiske evne
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide godt Gode evne til skriftleg og munnleg saksframstilling
  • Høg gjennomføringsevne
  • Du må vere fleksibel og ha stor arbeidskapasitet God rolleforståing
  • Stillinga krev gode kvalifikasjonar
  • Du må vere personleg egna og ha relevant arbeidserfaring

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Det vises spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 5,
”Lederkriterier i norske domstoler”. Dommarane må opptre uavhengig av partane og kunne ivareta domstolane si konstitusjonelle uavhengigheit, ha ei tillitsvekkjande framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukarane av domstolen.


Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunns-oppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • Ein sjølvstendig og meiningsfull arbeidsdag, med stort rom
    for fagleg utvikling.
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Faglege kurs
  • Ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som tingrettsdommar er for tida kr. 1 351 700,-.
Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til
Statens pensjonskasse.


Om oss

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å dykke ned i jussen.

Rettskrinsen utgjer kommunane Ålesund, Ulstein, Hareid, Haram, Fjord, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Molde, Hustadvika, Rauma, Vestnes, Aukra, Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnets fremste konfliktløysningsorgan. Domstolane bidreg til vern av kvar og ein sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd.

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og speile befolkningssamansetjinga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.


Sektor
Offentlig
Sted
Røysbakken 7, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Jurist
FINN-kode
366667884
Sist endret
20. aug. 2024 07:40