Smittevernsjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Avdeling for Smittevern
- Stillingstittel
- Smittevernsjukepleiar
- Frist
- 08.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du oppteken av smittevern og ønskjer ein allsidig og spennande jobb?
Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern. Stillinga er organisatorisk plassert i Haugesund med hovudansvar for Haugesund sjukehus, men arbeidsoppgåver omfattar også heile føretaket. Avdelinga har smittevernlege og fire smittevernsjukepleiarar som er fordelte på sjukehusa i Stord, Odda og Haugesund.
Avdeling for smittevern har ansvar for å rådgi og koordinere for forebygging og overvåking av sykehusinfeksjoner, utbruddshåndtering og antibiotikastyring i foretaket. Antibiotikaresistens er sentralt i vårt arbeide. Vi samarbeider med andre profesjoner og avdelinger. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og har et godt arbeidsmiljø.
Meir informasjon om smittevernsjukepleiar finn du også på Kompetansebeskrivelse Smittevernsykepleiere.
Arbeidsoppgåver
- Rådgiving/undervisning/internrevisjon
- Smittesporing og utbruddshåndtering
- Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data)
- Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet
- Forbetringsarbeid og kampanjer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste er ønskeleg
- Må meistre godt norsk munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande.
- Relevant vidareutdanning/masterprogram er ønskeleg. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Undervisningserfaring er ønskeleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- har god evne til å motivere andre og knyte kontaktar
- er fleksibel og løysningsorientert
- viser engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Engasjerte kollegaer som samarbeider tett.
- Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar
- Faglege utfordringar
- Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Dagtid
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4846956611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 366793725
- Sist endret
- 20. aug. 2024 12:48