Tilkallingsvikar - Åmot skule

Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Åmot skule
Frist
16.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med omlag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss vikarar som er tydeleg, inkluderande og har ein autoritativ arbeidsstil, med hjarte for opgåvene. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar.

Me søker etter engasjere og dyktige tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss i korte og lengre oppdrag skuleåret 2024-2025.

Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Tilkallingsvikarar for kortare og lengre fråvere
  • Undervisning på 1.-10. trinn og Vaksenopplæringa
  • Aktivt bidra til å bygge laget kring elevane
  • Delta på relevante møter
  • Delta på skulens utviklingsarbeid
  • Assistent på SFO i skuletida og feriar
  • Andre relevante oppgåver som td inspeksjon

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Høgare utdanning med undervisningskompetanse
  • PPU
  • Fagbrev barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidar, andre sosialfaglege utdanningar er relevant
  • Anna relevant kompetanse kan vere aktuell
  • Erfaring frå grunnskule og VO er ein fordel
  • Kunnskap om Fagfornyinga
  • Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
  • Interesse og kunnskap om Gaming er eit ynskje
  • Interesse for å bruke naturen som klasserom
  • Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
  • Gode ferdigheiter i norsk både skriftleg og munnleg

  • Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
  • Du har eit positivt elev- og menneskesyn
  • Du likar å vere aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
  • Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
  • Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
  • Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
  • For lærarvikarar må du planlegge og gjennomføre undervisning
  • Du er ein god formidlar og evnar å skaper gode relasjonar
  • Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
  • De likar å lære nye oppgåver
  • Personlege eigenskaper vert vektlagd

  • Ein skule som er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg kompetasne og stort engasjement
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Lunsj til hyggeleg pris for tilsette
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Tilsetting er betinga av godkjend politiattest.

Kontaktinformasjon

Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune



Referansenr.: 4832645494

Søknadsfrist: 16.12.2024


Sektor
Offentlig
Sted
3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
366798542
Sist endret
20. aug. 2024 01:09