Inaktiv

Erfaringskonsulent

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Ber
Stillingstittel
Erfaringskonsulent
Frist
03.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 600 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR seksjon, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar. Fagleg integrasjon med Psykisk helsevern er og eit område for utvikling. Dette vil bidra til utvikling av tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester. Avdelinga har eigen forskingseksjon med mange spanande prosjekt, der fleire av desse knytt opp mot pasientar i LAR behandling.

Avdeling for rusmedisin, LAR, er ein seksjon med om lag 100 tilsette. Seksjonen har behandlingsansvaret for ca 1100 pasientar, fordelt på 6 poliklinikkar og 1 team som gjev heroinassistert behandling (HAB).

Dei tilsette er vernepleiarar, sjukepleiarar og sosionomar, sekretær, merkantil, overlege, LIS og psykolog. Vi har 2 stillingar for erfaringskonsulent og disse bistår alle team med kompetanseheving og direkte hjelp til pasientar i fellesskap med behandlarane.

AFR LAR har fokus på å vidareutvikla tenestetilbodet. Forskinga i LAR viser gode resultat knytta til integrert behandling av somatiske lidingar, her med fokus på Hepatitt C og lungesjukdommar. Behandlingsplanlegging og forløpstenking saman med pasienten er viktige tema.



Arbeidsoppgåver

  • Samarbeid kring behandlinsoppfølging rundt pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid og individuelle støtte- og behandlingssamtalar
  • Samarbeid med førstelinjetenesta og andre samarbeidspartnarar rundt den enkelte pasient
  • Pårørande- og nettverksarbeid
  • Om nødvendig, delta i overvaka inntak og utlevering av LAR-legemiddel i LAR-poliklinikken, men det kan også gjerast ambulant om pasientar har særlege behov
  • Særskild ansvar for å ivareta brukarmedverknad i utviklinga av LAR, og bidra med sin erfaringskompetanse som støtte i pasientsaker

Kvalifikasjonar

  • Eigenerfaring med rusmiddelavhengigheit og eventuelt også psykisk liding, herunder å vere eller å ha vore pasient i LAR, er ein føresetnad
  • Ein må ha meistre ein rusfri tilvære i minimum 3 år
  • Erfaring med arbeid som erfaringskonsulent vil bli tillagt stor vekt.
  • Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt særleg vekt på personleg egnethet og evne til å jobbe sjølvstendig, herunder å ha integritet og tryggleik til å meistre rolla
  • Ha tilstrekkeleg personleg robusthet til å kunne takle uforutsette hendingar, samt ha god stressmeistring
  • Interesse for målgruppa er viktig og det er viktig å ha eit særleg fokus på betydninga av brukarmedverknad
  • Gode samarbeidsevner og ansvarsbevisstheit er sentralt
  • Å vere kreativ og nytenkande vil vere ein fordel, og det er viktig å kunne bidra til et godt arbeidsmiljø der man held seg fagleg oppdatert og deler av sin kunnskap og erfaring

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt fagmiljø for læring og kompetanseutvikling
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for å delta på interne kurs/undervisning og rettleiing
  • Moglegheit for eksterne kurs
  • Moglegheit for å vere med å vidareutvikle det polikliniske behandlingstilbodet til pasientar i LAR i Bergen
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar -og andre velferdsordningar generelt i helseføretaket


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Svanhild Mellingen, Seksjonsleiar, 56155100

Arbeidsstad

Nye Sandviksveien 84

5032 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4848665802

Stillingsprosent: 100%

Fast


Sektor
Offentlig
Sted
Nye Sandviksveien 84, 5032 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
366804605
Sist endret
20. aug. 2024 01:09