Spesialsjukepleiar 100% fast stilling 

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Tidleg psykose San
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar 100% fast stilling
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar. Psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same år. TPS skal gi tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gir tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.

Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TPS har 15 sengeplassar. Sjukepleiarar og vernepleiarar inngår i tverrfagleg team saman med hjelpepleiar/helsefagarbeidar, psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom og treningsterapeut.

Det er ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 01.09.24. Arbeid pt kvar 3. helg, to delt turnus.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar har ansvarsvakt og fordeler arbeidsoppgåvene, samt er brannansvarleg
  • Pasientoppfølging som inneber oppfølging av sjukepleiefaglege tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Tverrfagleg teamarbeid rundt pasientane
  • Observere og dokumentere
  • Kontakt med pårørande og familiearbeid
  • Du må kunne bidra til ein god postatmosfære med omsorg, støtte og struktur

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Engasjement og interesse for å jobbe med unge nysjuke
  • Det er ønskeleg med kunnskap om EPJ/DIPS
  • Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
  • Det blir lagt vekt på om du er personleg eigna for stillinga spesialt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
  • Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig og serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • Lojal og tolmodig
  • Du må vere i stand til å ta i mot rettleiing frå ansvarshavande sjukepleiar/vernepleiar og følge retningslinjene i seksjonen

Vi tilbyr

  • Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Vi tilbyr alle faste tilsette kurs i møte med aggresjonsproblematikk (MAP), samt fadderordning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Cathrine Mjøs Kristiansen, Ass. seksjonsleiar, 40491598

Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4849326803

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
366810749
Sist endret
21. aug. 2024 05:33