Inaktiv

Sokneprest med tenestestad Kvikne og Sødorp sokn

Arbeidsgiver
Nord-Gudbrandsdal prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme
Stillingstittel
Sokneprest med tenestestad Kvikne og Sødorp sokn
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillinga som sokneprest i Kvikne og Sødorp sokn, som ligg midt i vakre Gudbrandsdalen, midt mellom Oslo og Trondheim, er ledig.

Nord-Fron kommune består av 4 sokn, Kvikne, Sørdorp, Kvam og Skåbu sokn, og blir betente av to sokneprestar. Sokna har preg av typisk folkekyrkje. Administrasjonssenteret i kommunen er Vinstra. Det er god kommunikasjon med tog og buss.

Kommunen har full barnehagedekning, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule og butikkar som dekker dei fleste behov.

Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Det er om lag 2500 hytter i kommunen.

Folketalet i kommunen ligg på ca 5600, og ca 81% er medlemar i Den norske kyrkja. Kyrkjene er alle tømra krosskyrkjer og rikt utsmykka med vakker treskurd. Sødorp kyrkje frå 1750 har 300 plassar, Skåbu kyrkje frå 1927 rommar 150, Kvikne kyrkje er frå 1764 og har 175 plassar, og Kvam kyrkje med 450 plassar blei bygd opp att i 1952. Sødorp kapell med 170 sitteplassar er frå 1929. Det er kyrkjegardar rundt alle kyrkjene og kapellet.

Det er i alt 115 forordna gudstenester i dei fire sokna. Ein nyttar liturgiar på nynorsk i Kvam og Kvikne, medan det er 50/50 % bokmål og nynorsk i Sødorp og Skåbu. Det nyttast nynorsk for alle gudstenester for born og unge i alle sokna. Målforma i kommunen og på alle skulane i Nord-Fron er nynorsk.

Sommarstid har alle sokna ein til to setermesser/friluftsgudstenester og i påska haldast gudstenester i hytte- og utfartsområde.

Det var i 2023 i alt 30 dåp, 54 konfirmantar, 8 vigslar og 71 gravferder i Nord-Fron.

Gudstenester og tenesteveker i Nord-Fon etter oppsett plan. I tillegg må ein innanfor ramma av arbeidsplanen rekne med å halde gudstenester og kyrkjelege handlingar andre stader innan prostiet. Sokneprestane har i dag fri ein søndag i månaden. Prosten leier prestetenesta i prostiet, og kvar månad kallar prosten prestane i prostiet saman til konvent med fagleg fordjuping.

I slutten av juni er det konfirmantleir fire dagar for dei påtroppande konfirmantane. Det er undervisning og samlingar gjennom skuleåret og konfirmasjon i mai/juni. Den kyrkjelege undervisninga omfattar alle born og unge i alderen 0-18 år, og sokneprestane tek del i dette arbeidet.

Sundheim Bo- og treningssenter har 72 plassar for rehabilitering, korttid og avlasting, samt sjukeheim. Prestane og kyrkjelydspedagog/diakon har turnus på å vitja dei fire avdelingane der.

Kyrkjekontoret ligg sentralt på Vinstra. Her er kontor for heile staben. Staben består av 2 sokneprestar, kyrkjeverge, kyrkjelydspedagog/diakon, fire kyrkjetenarar, kyrkjemusikar og sekretær. I alle sokna er det engasjerte friviljuge som tek del i ansvar og oppgåver. Frå kyrkjekontoret er det 1 km til Sødorp kyrkje, 10 km til Kvikne, 11 km til Kvam og 25 km til Skåbu.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jfr. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42. Oppmoding om å få sitt namn halde unna denne må grunngivast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise fram politiattest utan merknad.



Arbeidsoppgaver

Ein må pårekna alle oppgåver som omtala i Tjenesteordningen med kvalifikasjonskrav for menighetsprester.

Sete i Sødorp og Kvikne sokneråd. Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.

Delta i beredskap knytt til Nord-Gudbrandsdal prosti, og 9 prestar deler dette arbeidet.

Kvalifikasjoner

Cand.theol – profesjonsstudium teologi (etter 2004) eller tilsvarende
Praktisk teologisk utdanning

Nytta både bokmål og nynorsk.

Søkjer bør dispnere bil.

Personlige egenskaper

Det er ynskjeleg med erfaring innan born- og ungdomsarbeid.

Teamarbeider.

Vi tilbyr

Stillinga vert løna som 1555 sokneprest
Innskot i pr. i dag i Statens Pensjonskasse. Denne vil bli overført til kommunal pensjonskasse frå 01.01.25.
I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
Arbeidsrettleiing blir tilbode prestane i Hamar bispedømme.

Dei som er interessert i stillinga er velkommen til eit besøk i Nord-Fron på bispedømme sin rekning. Ta kontakt med oss

Kontaktinformasjon

Birgitte Bentzød, prost, 41309564

Eli Bekken, Rådgiver, 62550350

Arbeidssted

Nedregata 54

2640 Vinstra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke



Referansenr.: 4845795411

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Privat
Sted
Nedregata 54, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
366818056
Sist endret
21. aug. 2024 05:55