Inaktiv

Sokneprest med tjenestested Bagn, Begnadalen og Hedalen sokn

Arbeidsgiver
Valdres prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme
Stillingstittel
Sokneprest med tjenestested Bagn, Begnadalen og Hedalen sokn
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig soknepreststilling i vakre Valdres med tenestestad Bagn, Begnadalen og Hedalen

Lengst sør i Valdres, vel 2 timars køyretur frå Oslo og Gardermoen, ligg Sør-Aurdal kommune med tettstaden Bagn som kommunen sitt administrative sentrum. Buss-sambandet mellom Oslo og Valdres er godt. Direkte buss til Gardermoen tre dagar i veka.

Landbruk og handverk er hovudnæringane. Det er stor ekspansjon i turistnæringa for tida med hyttebygging. Dei siste åra har Valdres vorte "merkevare" under tittelen/ logoen "Valdres skjerper sansene". Folk i Valdres har stor respekt for tradisjon og historie. Folkemusikktradisjonen er levande og fornyar seg. Valdres er kjend for spennande musikkfestivalar. Ein eigen pilegrimsveg går gjennom Valdres der ein kjem innom 5 av dei 6 stavkyrkjene i dalføret.

I Bagn ligg kommunen sin sjukeheim, legekontor, bibliotek og ulike forretningar. Bagn og Hedalen har kvar sine barne- og ungdomsskuler. I Hedalen, Begnadalen og Reinli er det barnehagar. Det bur ca 2.900 i heile kommunen som til saman har fem sokn. Med sine to stavkyrkjer, Olavskjelder, krigsminnesmerke, bygdesamlingar, pilegrimsveg og ein rik natur, har Sør-Aurdal kommune mykje å by den natur-,kultur- og historieinteresserte. Vegen til flott ski- og turterreng er kort og fiske- og raftingelva Begna renn gjennom kommunen. I Sør-Aurdal er det eit godt tilbod innan idrett, kultur og foreiningsliv.


Den ledige soknepreststillinga vil ha Bagn, Begnadalen og Hedalen sokn som sitt særskilte ansvar. I tillegg er det ein 50% stilling som sokneprest med særskilt ansvar for Reinli og Leirskogen sokn. Prestane gjer tenester etter nærare oppsett plan i alle sokna i kommunen.

Prestane har kontor i kommunehuset i Bagn sentrum saman med kyrkjeverje (100 %), organist (100%) og saksbehandlar (60%). Det er og felles trusopplæringsmedarbeidar for Sør-Aurdal og Etnedal i 40% stilling. Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeid er fordelt på tre stillingar med til saman 160 %. Det er frivillig klokkarteneste i dei fleste kyrkjene og det er elles mange gode frivillige medarbeidarar med interesse og engasjement for det kyrkjelege liv.

Bagn kyrkje er ei tømra korskyrkje frå 1736. Hedalen stavkyrkje frå 1163 vart påbygt på 1600-talet. Begnadalen kyrkje vart sett opp i 1964 etter at den gamle kyrkja brann. I Reinli er det ei stavkyrkje frå ca 1300 der ein held gudstenester om sommaren, medan ein bruker kapellet frå 1965 ved sidan av om vinteren. Kyrkja på Leirskogen feire 100 årsjubileum i 2024.

På Bagn vestås, i eit gamalt stølsområde, ligg Veståskapelleteigd av Bagn og Reinli sokn. Her er det messer i påskehøgtida og i sommarmånadene. Det er årleg friluftsgudsteneste ved krigsminnestaden Bagnsbergatn.
Bedehuset i Bagn er nytta til barne- og ungdomsarbeid og mykje brukt til kyrkjelege føremål. I Hedalen er det og bedehus.

Tre sokn nyttar nynorsk og to sokn nyttar bokmål som målføre.

Den som vert tilsett må vise fram politiattest utan merknad.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jfr. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42. Oppmoding om å få sitt namn halde unna denne må grunngivast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.



Arbeidsoppgaver

Sokneresten vil
- ha sete i Bagn, Begnadalen og Hedalen sokneråd og i fellesrådet.
- samarbeidde med den andre soknepresten, kyrkjeleg undervisningsmedarbeidar og kyrkjeleg stab om godt innarbeida trusopplæringstiltak og konfirmantarbeid (25-35 konfirmantar årleg i heile kommunen).
- halde gudstenester og kyrkjelege handlingar i heile fellesrådsområdet etter oppsett plan.
- samarbeide med den andre soknepresten om teneste på Sør-Aurdalsheimen, Hedalsheimen og andre institusjonar i kommunen.
- delta i beredskapsordninga, månadlege prestekonvent og fordeling av oppgåver ved ferieavvikling i Valdres prosti

- jamlege stabsmøte og storstabsmøte fire gonger i året

Kvalifikasjoner

Cand.theol – profesjonsstudium teologi (etter 2004) eller tilsvarande
Praktisk teologisk utdanning

Kunne nytte både bokmål og nynorsk.

Personlige egenskaper

Vi søker ein sjølvstendig sokneprest, med gode evner til samarbeid, og med tru på folkekyrkja!

Vi tilbyr

I Bagn ligg den gamle prestegarden frå 1809 vakkert til ved Begna, like sør for Bagn kyrkje. Bygningen er på om lag 300 m2 og til huset høyrer garasje, stabbur og stor hage. Det vil vere mogleg å leige denne som bustad.

Moglegheit for ABV og kompetanseutvikling

Stillinga blir lønna som sokneprest kode 1555.
Innskot i Statens pensjonskasse fram til 01.01.25 då vil det gå over til kommunal pensjonskasse.

I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjeringar.

Tilsettinga skjer i h.h.t gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.

Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i ansvar og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov-, regelverk og ny tenesteordning for kyrkjelydsprestar i Den norske kyrkja.

Kontaktinformasjon

Carl Philip Weisser, prost, 91555504

Eli Bekken, Rådgiver, 62550350

Arbeidssted

Tingvollbakkin

2930 Bagn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke



Referansenr.: 4845893264

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sted
Tingvollbakkin, 2930 Bagn
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
366829044
Sist endret
21. aug. 2024 06:09