Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi på medisin1 søker etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:
75% fast stilling; for tida på natt med arbeid kvar 3.helg
80% fast stilling, for tida på natt med arbeid kvar 3.helg.
Andre stillingar kan bli ledig ved interne omrokkeringar. Skriv derfor i søknadsteksten kva du ønskjer.

Vi ser etter deg som er nyutdanna og klar for ei bratt læringskurve i eit trygt arbeidsmiljø, der du alltid har nokon å spørje samt vil få tildelt eigen mentor.
Vi ser også etter deg som har nokre års erfaring som sjukepleiar og har lyst på nye utfordringar i eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi tildeler mentor til alle nytilsette

Her på medisin1 jobbar vi med fagfelta lunge og kardiologi. Vi er ein gjeng, både nye og erfarne, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og legar, som saman jobbar for å gi best mogleg tilbod til pasientane våre. I tillegg jobbar vi tett ilag med poliklinikkane og fleire har kombinerte stillingar mellom sengepost og poliklinikk. Vi trur at dette er med på å forsterke både det faglege miljøet og behandlinga til pasientane våre.

Vi har 24 sengar fordelt på 3 team derav 2 hjerte- og 1 lungeteam. Vi har ansvar for pasientar som bl.a kjem inn med; brystsmerter, hjartesvikt, rytmeforstyrringar, lungekreft, KOLS, lungefibrose og astma. Dette er hovuddiagnosane som vi har ansvar for, men vi behandlar også andre generelle diagnosar.

Det er viktig for oss at pasientane kjenner seg trygge og ivaretekne under innlegginga. Vi har difor fokus på kompetanseheving for våre tilsette og jobbar kontinuerleg med forbetringsarbeid. Vi har bl.a eigne fagdagar og eigne dagar der ein får jobbe med kompetanseplanen sin. Til hausten skal vi også starte med simulering i forbindelse med eit prosjekt vi jobbar med. Vi har eigne fagsjukepleiarar som jobbar for at vi stadig skal forbetre oss. Vi håpar difor at du er fagleg engasjert og oppteken av å utvikle deg vidare.

Er du fersk i yrket vil du få god opplæring, invitasjon til eigen fagdag samt eigen mentor.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV



Arbeidsoppgåver

  • Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
  • Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
  • Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
  • Gje forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
  • Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
  • Bidra til fagutvikling i avdelinga
  • Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid
  • Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
  • Gjere seg kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningslinjer
  • Studentrettleiing (nyutdanna har ikkje rettleiaransvar før ein har jobba eitt år)

Kvalifikasjonar

  • Offentleg norsk godkjend sjukepleiar
  • Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
  • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollega
  • Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg, evt. anna skandinavisk språk
  • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver

Personlege eigenskapar

  • Positiv og fleksibel
  • Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
  • Fagleg engasjert
  • Teamorientert
  • God kommunikasjon og samhandling
  • Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Mentor til nytilsette
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 92652725

Arbeidssted

Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4848948882

Stillingsprosent: 80, 75%

Fast

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 04.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
366832814
Sist endret
21. aug. 2024 06:08