Inaktiv

ID 2239 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sæbøhaugen bustadar er eit tun med tre hus med til saman 14 brukarar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak heimla i Helse -- og omsorgstenestelova.


Det er ledig fast 90% stilling på natt for helsefagarbeidar, i avdeling Sæbøhaugen A.


Stillinga i Sæbøhaugen kan kombinerast opp til full stilling med vakter på natt i eininga sin ressursstab.


Stillinga har arbeid 5 av 12 helger i ein rullerande turnus.


Stillinga inneber vaken nattevakt med base i eitt av husa, og samarbeid med nattevakter i dei andre bustadane i tunet om tilsyn og oppfølging.


Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.


Kvalifikasjonskrav:



  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.



  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.



Me kan tilby:



  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø



  • Godt arbeidsmiljø



  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.



  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk



  • Offentleg tenestepensjon i KLP



Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


Kontaktperson: Avdelingsleiar Hilde Bratland, tlf 90844092 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
366926169
Sist endret
21. aug. 2024 06:01