Inaktiv

Maskinsjef i sambandet Måløy - Oldeide - Husevågøy, p.t. MF Hornelen

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Måløy - Oldeide - Husevågøy, p.t. MF Hornelen
Frist
03.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Måløy - Oldeide - Husevågøy, p.t. MF Hornelen.

Attraktiv Turnus: Døgnskift med 2 veker på -1 veke av, 2 veker på -3 veker av. Fri 3 av 4 helger.

Døgnskift gjer at ein bør bu 1 time reisevei frå sambandet.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!



Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
  • Kompetanse på energileiing ihht. kompetansebehov

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Attraktiv Turnus!

Kontaktinformasjon

Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +47 957 00 962, siv.furnes@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv616

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4849624653

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.09.2024


Sektor
Privat
Sted
Fv616, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Teknisk personell
FINN-kode
366928069
Sist endret
21. aug. 2024 06:29