Vikariat og ringevikar på Enge skule

Arbeidsgiver
Etne kommune Enge skule
Stillingstittel
Lærar, 100% vikariat og ringevikar
Frist
13.10.2024

Beskrivelse

Me behov for både ringevikarar og vikar i 100% stillig. Det er mogleg å starte umiddelbart.

Enge skule er ein 1.-10.skule. Skulen har SFO og vaksenopplæring. Enge skule søkjer etter
vikarlærar til ungdomsskulen med oppstart etter juleferien grunna fødselspermisjon. Søkjarar som er
norsklærarar vil bli prioriterte, men det er også interessant med søkjarar som har andre fag.

Arbeidsoppgåver

Halvårsvikariatet gjeld undervisning på ungdomsskulen, og det er ønskjeleg at søkjar kan undervise i
norsk og samfunnsfag, men det kan og bli aktuelt å undervise andre fag.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning er ønskjeleg, men lærarstudentar kan og søkje. Søkjaren må ha gode
digitale dugleikar, gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og beherske nynorsk som er
opplæringsspråket i Etne kommune.

Eigenskapar

Me ynskjer lærarar som er tydelege klasseleiarar, har eit positivt elevsyn og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det blir forventa at tilsette er engasjerte i utviklingsarbeidet til
skulen. Etne kommune er ein MOT-kommune og tilsette i skulen skal difor kunne identifisera seg med
og stå for MOT sine verdiar.

Me tilbyr
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spanande, hektisk og utfordrande kvardag.
  • Ein skule i utvikling og endring.
  • Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
  • Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.
Annan informasjon

Dei som blir tilsette må visa fram politiattest av nyare dato. Kopiar av attestar og vitnemål på norsk
må leggast ved søknaden.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Strondavegen 21, 5590 Etne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
366930839
Sist endret
04. okt. 2024 11:24