Inaktiv

Økonomikonsulent rekneskap

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Økonomikonsulent rekneskap
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ledig ei 100% stilling som konsulent på rekneskapsavdelinga, med oppstart så snart som mogleg.


Lønn- og rekneskapsavdelinga

Løn og rekneskap er i dag ei avdeling med vel 14 årsverk. Det er vedteke å omorganisere desse funksjonane frå hausten 2024 der rekneskapsdelen med om lag 6,5 årsverk vert flytta inn i ei ny felles eining saman med dei andre økonomifunksjonane. Vi har arbeidsplassen vår i trivelege kontorlokale sentralt i Knarvik.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg bestå av løpande rekneskapsarbeid. Dette inneber mellom anna utsending, kontroll og bokføring av inngåande faktura, månadleg bokføring og avstemming av bank, kasse og leverandørar mm. I tillegg skal vi gje rettleiing og hjelp til leiarar i forbindelse med bokføring og regelverk.


Ønskt kompetanse

For tilsetting i stillinga er det ønskjeleg med:

  • Relevant utdanning innan rekneskap
  • Erfaring frå Visma Enterprise økonomi og rekneskap i offentleg sektor
  • Erfaring med merkantile oppgåver innan økonomi/rapportering/rekneskap.
  • Interesse og lyst til å jobbe med rutineoppgåver, men og med utviklingsorienterte oppgåver.

Personlege eigenskapar vil bli vektlag, og vi ønskjer m.a. at du:

  • er sjølvstendig, men trivs med samarbeid og vil vere ein god lagspelar for kollegaer og leiarar.
  • er strukturert, systematisk, nøyaktig og faktasøkjande.
  • er ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og taklar litt hektiske periodar innimellom.
  • er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:
  • Godt og støttande kollegialt fellesskap med høg kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Regnskap, Kontor og administrasjon
FINN-kode
366948536
Sist endret
22. aug. 2024 05:33