Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har 4 ledige 100% faste stillingar som reinhaldsoperatør/ reinhaldar.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale (reinrom) og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstid er: dagtid/turnus
  • Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver
  • Ein del av arbeidet krev omkleding i sluser til eigna arbeidsklær (reinrom)

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men også andre vil bli vurdert
  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
  • Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinromsarbeid, og/eller spesialreinhald
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt.
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team.
  • Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Olaf Løken Børsheim, 55972104

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4849356862

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
366950107
Sist endret
22. aug. 2024 05:49