Sjukepleiar/vernepleiar 80% fast
- Arbeidsgiver
- Teiglandshagen bufellesskap, Bømlo kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar 80% fast
- Frist
- 04.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Teiglandshagen bufellesskap har ledig fast 80% stilling som vernepleiar/sjukepleiar frå 1.september.
Teiglandshagen er ein institusjon for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasientar ved kvar avdeling. Me ser etter deg som er positiv, smilande og trygg. Du må vera løysningsfokusert og kunne meistre ein arbeidskvardag som ikkje alltid er like pårekneleg. Du er og gjerne glad i turar, song og musikk!
Arbeidsoppgåver
- Du vil arbeida saman med fagleg dyktige kollegaer, der arbeidet handlar om å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelt pasient.
- Det vert lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i vernepleie/sjukepleie
- 3. års studentar er velkomne til å søkje stillinga
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig
- Du er engasjert og fleksibel
- Du er løysingsorientert
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Du har evne til etisk refleksjon iht. tenesteområdet og eigen praksis
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Ann Heidi Mathisen.
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Teigland 15440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4849529192
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 04.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Teigland 1, 5440 Mosterhamn
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 366965690
- Sist endret
- 22. aug. 2024 06:11