Fagarbeider barne- og ungdom

Arbeidsgiver
Sporafjell barnehage, Klepp kommune
Stillingstittel
Fagarbeider barne- og ungdom
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

På toppen av Verdalen står det eit framtidsretta og flott barnehagebygg som opna dørene 3. januar 2024. Bygget har, i tillegg til åtte avdelingar, eit eige vassrom, bibliotek og to gode fellesrom der barna kan få utfalde seg i glede og fysisk aktivitet. Me har eit godt arbeidsmiljø og det å jobba i Sporafjell skal vera ein god plass å vera! No har vi nokon i personalet som skal ut i barselpermisjon og då treng med deg med på laget vårt som har et stort hjarte for barn og er ein leikande, trygg og omsorgsfull vaksen! Det kan og bli moglegheit for kortere vikarstillingar.

Me har eit uteområde med naturbaserte løysningar som motiverer små og store til utfalding og kreativ leik. På kjøkkenet svingar kokken seg, og produserer all mat som vert servert. Det gjer at pedagogar og fagarbeidarar kan ha fullt fokus på å gje barna eit barnehagetilbod av høg kvalitet.

Ønsket oppstart; Snarast mogleg



Arbeidsoppgåver

Fagarbeidar har fagleg delansvar og medansvar. Med delansvar kan fagarbeidar få delegert ansvar for en avgrensa fagleg oppgåve. Medansvar betyr å ha ansvar samen med nokon andre. Fagarbeidar er ein del av barnehagen sitt fagmiljø, og:

skal arbeide i samsvar med lover, forskrifter, rammeplan, vedtekter, etiske retningslinjer og målsettingar

har fagleg medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk målretta arbeid med barna

skal delta på alle daglege aktivitetar i barnehagen og ha omsorg for og kjennskap til barn og foreldre i barnehagen

har ansvar for å følge opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller annet

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne –og ungdomsarbeidar

Meistra norsk på eit godt nivå. Du bør ha bestått språktest nivå B1

Personlege eigenskapar

Har eit brennande engasjement for barns beste og som kvar dag vil arbeide for dette

Har eit blikk for kvart enkelt barn og ser leiken som den viktigaste arenaen for trivsel, glede og læring

Trivest best med ein leikande og aktiv kvardag, og som kan nytte uterommet like godt som romma inne

Har vilje til å sjå og mot til å handle når barn ikkje har det bra

Er raus, motiverande og byr på deg sjølve

Ser løysingar, er fleksibel og har stor arbeidskapasitet

Har gode samarbeidsferdigheiter og er respektfull i møte med andre

Har ei god helse som er foreinleg med arbeid i barnehage

Kan identifisere deg med Klepp kommune sin visjon og verdiar

Vi tilbyr

Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.

Ulike velferdsordningar

Gode forsikringsordningar

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Trude Evjen, Styrar, +47 99777324

Arbeidsstad

Boreringen 151

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4849552707

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 16.09.2024

Sluttdato: 08.08.2025

Søknadsfrist: 04.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Boreringen 151, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
366979721
Sist endret
22. aug. 2024 06:28