Ledige helgestillingar i Kåsa bu- og avlasting

Arbeidsgiver
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Stillingstittel
Ledige helgestillingar i Kåsa bu- og avlastning
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi på Kåsa bu og avlastning har ledig 4 faste helgestillingar. Vil du vere med på laget hos oss, så treng vi deg!

Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder og hjelpebehov.

Vår kompetanse er særleg knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk.

Vi har eit bredt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagelig utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til ein positiv kvardag for brukarane
  • Delta i bebuarane sine daglege aktivitetar og gjeremål
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre oppgåver ut frå arbeidslister til den enkelte bebuar.
  • Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Noko bistand i personleg hygiene

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar og ev. anna relevant høgskulepersonell
  • Ev. studentar innafor fagfeltet. Vi tilbyr også ulike studiordninger for studentar
  • Som ufaglært kan du bli vurdert dersom du er interessert i å begynne et studieforløp. Vi har ulike ordningar der.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
  • Førarkort kl B
  • Kunne jobbe sjølvstendig men også gode samarbeidsevner
  • Kan beherske digitale verktøy

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Er engasjert og motivert til å jobbe for ein god, trygg og forutsigbar kvardag for bebuarane
  • Er imøtekommande og omsorgsfull i møte med bebuarane, pårørande og kollegar
  • Tar initiativ og er ansvarsbevist
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø

Personleg egna vert lagt til grunn ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement
  • Lønn etter tariff. Nissedal kommune tilbyr 10 års inngangsansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell.
  • Helgestillingene varierer i prosent utfrå rotasjon i turnus og fleksibiletet på kva du kan jobbe. Vi har både kvar 3 og kvar 6 helg ledig.
  • Den eine stillinga er tilknytt avlastinga, den er da kvar 4 helg med langvakter, og det er eit ønske at du også kan jobbe noko knytt til feriar.

Kontaktinformasjon

Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18

Arbeidsstad

Treungvegen 505

3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune



Referansenr.: 4849517875

Stillingsprosent: 16,67%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Treungvegen 505, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
366989880
Sist endret
22. aug. 2024 09:08