Inaktiv
Ledig stilling som vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
- Stillingstittel
- Ledig stilling som vernepleiar
- Frist
- 15.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.
Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Fremme målretta metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremål
- Koordinere tenestar og samarbeide tverrfagleg
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
- Jamleg samarbeid med pårørande
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleier
- Kan beherske digitale verktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforhaldet startar. Denne attesten skal ikkje ligge ved søknaden
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsevne
- Fleksibilitet
- Engasjement og løysningsorientert
- Positiv
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personleg egna vert lagt til grunn ved tilsetting
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring
- Arbeid i turnus, inkl. helg, kvar 3 helg. Ev. moglegheit for kvar 6 når drifta tillet dette. Det er også moglegheit med langvakter i vekedagane. Frå slutten av desember 2024 går vi over til årsturnus
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
- Lønn etter tariff, og ein inngangsansiennitet på 10 år.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4836247125
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Treungvegen 505, 3855 Treungen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 366990247
- Sist endret
- 22. aug. 2024 07:22