Inaktiv

Reinhaldar - 58 % årsvikariat

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Reinhalder - 58 % årsvikariat
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vang kommune har ledig 58 % vikariat som reinhaldar f.t. ved midlertidig kommunehus i Synshagen. Ynskjeleg med snarleg tiltreding.

Stillinga innebefattar arbeid ca 5,5 time arbeid 4 dagar i veka, på dagtid.



Arbeidsoppgåver

  • Uføre reinhald og vedlikehald.
  • Reingjere ulike overflater som golv, vegger, himlingar etter avtale, og etter dei krav som blir stilt til reinhaldet.
  • Bruke metoder, maskiner, utstyr og reingjeringsmidlar etter reinhaldet sitt behov, og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk, ergonomi og miljøbelastning.
  • Vedlikehaldsbehandle ulike overflater og inventar.
  • Bruke digital programvarer til å dokumentere eige arbeid og rapportere om feil og manglar i bygningen.
  • Utføre serviceoppgåver som å tømme søppel, etterfylle såpe, papir og handdesinfeksjon.

Kvalifikasjonar

  • Gjerne fagbrev innan reinhald, men ufaglærte kan også søkje.
  • Gjerne erfaring frå reinhald
  • Me søkjer etter ein medarbeidar som har evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar bør ha førarkort

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan hjelpe til med bustad
  • Vang kommune nyttar nynorsk som målform
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Ved intern tilsetting kan det bli andre ledige stillingar å tilby søkjarane

Kontaktinformasjon

Øystein Mauritzen, Avdelingsleiar Reinhald, 41407998, oystein.mauritzen@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 4856

2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune



Referansenr.: 4850184030

Stillingsprosent: 58%

Vikar

Søknadsfrist: 04.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 4856, 2975 Vang i Valdres
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
367063095
Sist endret
22. aug. 2024 12:20